Oppdragsvilkår
Versjon 1.2 · Gjeldande frå 9.10.2026
1.Kva vilkåra gjeld#
Desse vilkåra gjeld når du ber oss om design, produksjon, profilering, skilt, trykk eller andre tenester gjennom Logolink Studio. Logolink AS er leverandøren. Ved å sende ein førespurnad godtek du vilkåra for korleis me handterer henne.
Kjøp frå varekatalogen og aksept av eit tilbod med fast pris følgjer vilkår for bestilling. Desse vilkåra gjeld førespurnaden og prisestimat du godkjenner. Står det noko anna i prisestimatet om omfang, pris eller maksgrense, er det prisestimatet som gjeld.
2.Ein førespurnad bind deg ikkje#
Å sende ein førespurnad er å ta kontakt, ikkje å bestille. Det kostar ingenting, og du kan trekkje henne tilbake eller la vere å gå vidare.
Me går gjennom førespurnaden og kan be om meir informasjon, seie nei eller opprette eit prosjekt for å følgje henne opp. Eit prosjekt er berre ein stad å samle arbeidet. At me opprettar det, gir oss ikkje løyve til å starte arbeid du skal betale for.
3.Når arbeidet startar#
Før me startar arbeid du skal betale for, får du eit prisestimat eller eit tilbod i portalen. Der står kva me skal gjere, kva som er med, kva prisen byggjer på og kva me føreset.
Arbeidet startar først når du godkjenner prisestimatet eller aksepterer tilbodet. Berre ein person som er sett opp til å svare på dokumentet, kan gjere det. Me lagrar kva versjon av dokumentet og vilkåra du svarte på, og når.
Tittelen på eit prisestimat eller tilbod er berre eit namn. Det er skildringa, linjene, prisen, vilkåra og vedlegga som avgjer kva du har avtalt.
4.Pris og maksgrense#
Einingsprisar står utan meirverdiavgift. Summar og maksgrenser står med meirverdiavgift.
Eit tilbod har fast pris for det som er skildra i det. Eit prisestimat er eit anslag, ikkje ein fast pris. Eit prisestimat du kan godkjenne, seier òg korleis sluttprisen blir rekna ut, kva timeprisar og kostnader som er med, kva me føreset, og ei eiga maksgrense.
Sluttprisen kan bli høgare eller lågare enn estimatet, men aldri høgare enn maksgrensa utan at du godkjenner det på nytt. Eit prisestimat som berre er sendt til informasjon, har inga maksgrense og gir oss ikkje løyve til å starte.
5.Ordrestadfesting#
Når du har godkjent eit prisestimat, sender me ei ordrestadfesting. Ho viser det du har godkjent, og kan vise ein oppdatert sum så lenge han er innanfor maksgrensa. Ho gjer ikkje estimatet om til fast pris, hevar ikkje maksgrensa og gir oss ikkje løyve til nytt arbeid.
6.Endringar undervegs#
Vil du endre omfang, mengd, design eller frist, seier me kva det betyr for pris og leveringstid før me gjer det. Arbeid utanfor det du har godkjent, eller kostnader som vil føre prisen over maksgrensa, krev at du godkjenner eit oppdatert prisestimat eller tilbod. Ein e-post, ein samtale eller eit nytt utkast er ikkje nok.
Å godkjenne ein korrektur eller eit designforslag avklarar korleis arbeidet skal sjå ut. Det utvidar ikkje omfanget eller maksgrensa.
7.Korrektur#
Me produserer etter korrekturen du godkjenner, så les han nøye. Feil som står i korrekturen du har godkjent, til dømes skrivefeil eller mål du har gitt oss, er ditt ansvar. Feil me gjer etter at du har godkjent, er vårt ansvar, og dei rettar me utan kostnad for deg.
8.Om du vil stoppe#
Du kan be oss stoppe eit oppdrag du har godkjent. Då betaler du for arbeidet som alt er gjort, og for kostnader me har bunde oss til på vegner av deg og ikkje kan få tilbake, til dømes materialar, oppstartskostnader hos leverandør eller bestillingar som ikkje kan kansellerast. Summen kan aldri bli høgare enn maksgrensa i prisestimatet eller prisen i tilbodet.
Når produksjonen har starta hos ein leverandør, kan han som regel ikkje stoppast. Me seier frå før me kjem så langt.
Å trekkje tilbake ein førespurnad før du har godkjent eit prisestimat eller akseptert eit tilbod, kostar ingenting.
9.Det me treng frå deg#
Me treng logo og grafiske filer i brukbart format, tekst, mål og svar på spørsmål undervegs. Du er ansvarleg for at det du sender oss, kan brukast lovleg til føremålet, til dømes at du har rett til bilete og skrifter.
Ventar me på materiale eller svar frå deg, flyttar fristen seg tilsvarande. Høyrer me ikkje frå deg på lenge, kan me setje oppdraget på vent til du er klar.
10.Rettar til det me lagar#
Når oppdraget er betalt, får du bruksrett til det ferdige materialet du har fått levert. Redigerbare arbeidsfiler får du berre dersom det står i prisestimatet eller tilbodet. Skisser som ikkje vart brukte, og metodar, malar og verktøy me brukar på tvers av oppdrag, er framleis våre.
11.Levering#
Forventa leveringstid står i prisestimatet eller tilbodet. Ser me at ein frist ikkje held, seier me frå med ein gong og forklarar kva det betyr for deg. Me er ikkje ansvarlege for forseinkingar me ikkje kan styre, som hos leverandør eller transportør, men me held deg orientert. Er du forbrukar, har du likevel dei rettane lova gir deg ved forseinking.
12.Angrerett for forbrukarar#
Er du forbrukar og ikkje handlar for ei verksemd, gjeld angrerettlova. For tenester har du 14 dagar angrefrist frå avtalen er inngått, det vil seie frå du godkjenner prisestimatet eller aksepterer tilbodet.
Varer som blir laga spesielt til deg, med trykk, logo, gravering eller anna tilpassing, har ikkje angrerett (angrerettlova § 22 bokstav e). Prisestimatet eller tilbodet seier kva delar av oppdraget dette gjeld.
Me startar ikkje tenestearbeid før angrefristen er ute, med mindre du ber om det. Det gjer du med ein eigen avkryssingsboks når du svarer i portalen. Han er ikkje kryssa av på førehand, og å godta desse vilkåra er ikkje det same. Går du frå avtalen etter at du bad oss starte, betaler du for det me har gjort fram til du sa frå.
13.Betaling#
Me sender faktura etter levering, med 30 dagar betalingsfrist, med mindre prisestimatet eller tilbodet seier noko anna. Er oppdraget stort eller går over lang tid, kan prisestimatet eller tilbodet avtale delfakturering. Me fakturerer aldri arbeid berre fordi me oppretta eit prosjekt frå førespurnaden din.
14.Reklamasjon#
Oppdagar du ein feil eller ein mangel, seier du frå så snart du kan på [email protected] eller 91 700 600. Kva du kan krevje, til dømes retting, prisavslag eller heving, og kor lang tid du har på å seie frå, følgjer lova. Er du forbrukar, kan desse vilkåra ikkje gi deg kortare fristar eller færre rettar enn lova.
15.Ansvar#
Me tek ansvar for at det me leverer, held det som er avtalt.
Er du bedriftskunde, er me ikkje ansvarlege for indirekte tap, som tapt omsetnad eller følgjeskadar, og det samla ansvaret vårt for eit oppdrag er avgrensa til det oppdraget kostar. Avgrensinga gjeld ikkje dersom me har opptredd grovt aktlaust eller med vilje.
Er du forbrukar, følgjer ansvaret vårt lova, og desse vilkåra avgrensar det ikkje.
16.Personvern og versjonar av vilkåra#
Personopplysningar blir handsama etter personvernerklæringa.
Me kan endre desse vilkåra. Portalen lagrar kva versjon du godtok då du sende førespurnaden, og kva versjon som gjaldt då du godkjende eit prisestimat eller aksepterte eit tilbod. Endringar seinare gjeld ikkje avtalar som alt er inngått.
17.Tvistar#
Vilkåra følgjer norsk lov. Klarer me ikkje å bli einige, blir saka avgjord ved den domstolen lova peikar ut. Er du forbrukar, er det domstolen der du bur.
Kontakt oss:
Logolink AS
E-post: [email protected]
Telefon: 91 700 600
Org.nr: 991 252 541
Spørsmål om eit oppdrag? Kontakt oss